Meld deg på Ocean24 nyhetsbrev

sign up

  • Nyhetsbrev
  • Annonsere
  • Nyhetsbrev
  • Annonsere

Selgjar/forretningsutviklar aluminiumsbruer

24 august
Stillingstittel
Selgjar/forretningsutviklar aluminiumsbruer
Arbeidsgiver
Leirvik
Type
Fast
Lokasjon
Stord
Bransje
Energi
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi
Søknadsfrist
12.09.2022
leirvik

Leirvik AS utviklar løysingar for bruk av aluminium i berande brukonstruksjonar.

Me har tidlegare bygd Noregs einaste køyrebru i aluminium, og me har gjennom fleire studiar og forprosjekt vist at aluminium er eit godt eigna materiale i alt frå korte gang- og sykkelbruer til lange køyrebruer. Leirvik AS investerer dessutan i moderne utstyr og teknologi for automatisk og effektiv bygging av brukonstruksjonane våre. Me ønskjer no å styrkja miljøet vårt med ein selgjar/foretningsutviklar som kan bidra til satsinga vår innan denne marknaden. 

Arbeidsoppgåver

  • Sal av aluminium som brubyggingsmaterial
  • Kontakt med vegeigarar, kundar, entreprenørar og rådgjevingsfirma
  • Marknadsføring av aktuelle bruprosjekt
  • Utvikling  og gjennomføring av strategiplanar
  • Bidra til utviklinga av aluminiumsløysingar for brumarknaden
  • Aktiv deltaking på relevante konferansar, messer, høyringsmøter etc

Ønska Kvalifikasjonar

  • Relevant økonomisk eller administrativ utdanning
  • Erfaring med sal av nye produkt i ein etablert marknad
  • Nytenkande og kreativ
  • God forståing for praktisk byggeverksemd
  • Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskaper

  • Løysningsorientert
  • Kunna jobba strukturert og sjølvstendig
  • Likå å omgås folk og jobba i team

Me tilbyr

  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
  • Eit triveleg og støttande arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktig løn
  • Gode velferds- og pensjonsordningar
  • Gode mogelegheiter for fagleg utvikling

Arne Ottesen
SVP New Markets
Mobil: 48297004

Geir Mosaker
Utviklingsleiar – Infrastruktur
Mobil: 40041685

Leirvik AS er ei moderne verksemd med 300 topp kvalifiserte medarbeidarar. Etter nær 50 år med bygging og vedlikehald av offshore bustadhotell, satsar me no i tillegg på nye område som akvakultur, infrastruktur og havvind. Me har i dag eit breitt ingeniørmiljø som utviklar teknologi og løysingar som vert nytta for å byggja og vedlikehalda bustadhotell, både på eige verft på Stord og offshore. Det har vore eit krav til omstilling i heile vegen – og me har klart det takka vera ei kontinuerleg nyskapings- og entreprenørånd gjennom generasjonar. Og det aller viktigaste; me har gode folk på alle plan!